Ph.d.-stipendiat i celle- og molekylærbiologi
Universitetet i Bergen
- Frist 12.6.2026
- Ansettelsesform Fast
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i celle- og molekylærbiologiVed Institutt for biovitenskap, Universitet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i celle- og molekylærbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitet i Bergen og er ein del av eit tverrfagleg samarbeid mellom forskningsgrupper innan molekylærbiologi gruppa ved Institutt for biovitenskap.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Alternativ spleising er avgjerande for korleis gen blir uttrykt i ulike celler. Dei fleste gen dannar fleire proteinvariantar gjennom alternativ spleising av mRNA, noko som påverkar både proteinaktivitet og cellulær funksjon. Ved kreft kan feil i alternativ spleising føra til generering av sjukdomsframande #mRNAvariantar. Streng regulering av alternativ spleising, som derfor er kritisk for å sikra cellespesifikk og rettidig genuttrykk, er framleis dårleg forstått. Gruppa vår har som mål å forstå mekanismane for regulering av alternativ spleising via lipidmedierte signalvegar i menneskelege kreftceller og Drosophila melanogaster. I dette prosjektet er målet å identifisera endringane i mRNA spleising driven av signalvegar ved hjelp av celle-/molekylærbiologi og biokjemiske metodar, og dessutan CRISPR-Cas9-mediert redigering. Me søkjer derfor ein svært motivert kandidat med interesse for forskning på både kreft og utviklingsbiologi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i celle- og molekylærbiologi eller biokjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute (12.06.2026). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring innan celle- og molekylærbiologi er eit krav
- Erfaring i lipid og RNA biologi er ein fordel
- Erfaring med arbeid innan cellekultur frå pattedyr og Drosophila melanogaster (inkludert vingskivedisseksjon) er ein fordel.
- Erfaring i berekningsbiologi for å analysera RNA sekvenseringsdata er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, overhalda høge forskingsetiske standardar, og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Aurélia E. Lewis, førsteamanuensis, Institutt for biovitenskap, Universitet i Bergen, aurelia.lewis@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Magnus Skogstad, magnus.skogstad@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Annonseinformasjon
- FINN-kode 464499338
- Sist endret


