Rektor
Sunnfjord Folkehøgskule
- Frist Snarast, innan 02.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Sunnfjord Folkehøgskule søkjer ny rektor som vil vere med og forme neste fase for skulen
Sunnfjord Folkehøgskule søkjer ny rektor som vil bidra til å gi ungdommar eit år der dei blir sett, utfordra og får kjenne tilhøyrsle i eit trygt og inkluderande skulemiljø.
Hos oss blir skulekvardagen skapt i møte mellom elevar og tilsette. Det kristne verdigrunnlaget vårt gir retning for korleis vi byggjer kultur, tek ansvar for fellesskapet og møter unge menneske med rausheit, respekt og tru på utvikling.
Som rektor er du øvste leiar ved skulen. Du vil vere ein viktig kulturbyggjar, ein tydeleg verdiberar og ein leiar som set retning for arbeidet med elevar, tilsette, linjer, rekruttering og vidare utvikling.Skulen har eit godt utgangspunkt, med solid økonomi, attraktiv eigedomsmasse og engasjerte medarbeidarar. Samstundes treng Sunnfjord Folkehøgskule ein rektor som kan styrkje attraktiviteten til skulen, vidareutvikle linjetilbodet og gjere skulen aktuell for morgondagens elevar.
DINE VIKTIGASTE ANSVARSOMRÅDE:
Som rektor har du det overordna ansvaret for både pedagogisk utvikling, internatdrift og personalleiing ved skulen. Dette vil seia å:
- leie og utvikle det pedagogiske arbeidet ved skulen i tråd med folkehøgskuleideen og skulens verdigrunnlag
- sikre ein trygg, inkluderande og utviklande skule- og internatkultur
- styrkje elevrekrutteringa ved å vidareutvikle linjetilbodet, profilen og posisjonen til skulen
- sikre god økonomistyring og berekraftig ressursbruk
- ha overordna ansvar for eigedom, internat, kjøkken, administrasjon og andre støttefunksjonar
- representere skulen utad og bidra til gode relasjonar med elevar, tilsette, lokalmiljø og samarbeidspartnarar
KVEN ER DU?
For oss er det viktig å vere personleg eigna. Det er avgjerande at du står trygt i det kristne verdigrunnlaget til skulen, og at du interesserer og engasjerer deg i livet på skulen.
Vi ser etter deg med relevant leiarerfaring og god forståing for skule, ungdom og organisasjonsutvikling. Det er ein fordel om du har erfaring frå folkehøgskule eller anna pedagogisk verksemd, men det viktigaste er at du forstår eigenarten til folkehøgskulen og blir motivert av å leie ein skule der undervisning, internatliv, fellesskap og verdiformidling heng tett saman.
Du treng ikkje nødvendigvis å ha vore rektor tidlegare, men du må ha tryggleik, modning og gjennomføringsevne til å ta det heilskaplege leiaransvaret.
Vi ønskjer oss ein samlande og tydeleg leiar som evnar å balansere strategisk utvikling med nærvær i kvardagen. Du byggjer tillit, kommuniserer godt og står støtt også når saker er krevjande. Saman med resten av personalet ønskjer du å gi elevane eit år som set varige spor.
Er du klar for å leie ein tradisjonsrik folkehøgskule i Sunnfjord vidare?
Vi kan tilby ein unik og meiningsfull kvardag som rektor hos oss.
NYSGJERRIG?
Då håpar vi du tek kontakt med vår rådgivar i Human, Ole Magnus Hundvin, på mob. 923 31 100.
Søknadsfrist: Snarast 02.08.2026
Arbeidsstad: Førde, Sunnfjord kommune
FerdigheterAI-generert
- Eiendomsforvaltning
- Økonomistyring
- Organisasjonsutvikling
- Skolepedagogikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Folkehøgskule vart grunnlagd i 1902 og er i dag ei stifting med Normisjon som stiftar. Skulen ligg i Førde og har lange tradisjonar som kristen folkehøgskule. Vi ønskjer å vere ein tydeleg kristen skule med ein open og inkluderande kultur, der elevar med ulik bakgrunn får oppleve tilhøyrsle, tryggleik og personleg utvikling.
Skulen har engasjerte medarbeidarar, gode fasilitetar, internat, attraktiv eigedomsmasse og eit linjetilbod i utvikling. Hos oss er fellesskapet, danninga og livet på skulen like viktig som faga.
- Sektor: Privat
- Sted: Solvang 3, 6810 Førde
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
Verdibasert Ledelse, Skoleledelse, Rektor, Folkehøgskole
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464492002
- Sist endret


