LIS 2/3 vikariat i fysikalsk medisin og rehabilitering
ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig eit vikariat i 100% stilling som LIS 2/3. AFMR er lokalisert på Nordås, og er ein del av ReHabiliteringsklinikken. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.
Vi er ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi ønsker ha deg med i vidareutviklinga av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta og førstelinjetenesta.
AFMR gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 16 legar, inkludert LIS. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon. Klinikken er i ein spanande utviklingsfase med pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytt til nybygg og samlokalisering på Nordås i 2028.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
- Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
- Kurs, undervising og pasientopplæring
- LIS deltek i praktisk undervising av medisinarstudentar
- Inngå i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
- Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
- Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
- God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter
- Evne til målretta arbeid
- Vilje og evne til nytenking
- Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking
- Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar
- Takler travle og akutte situasjonar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Personleg egnethet blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
- Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppmoder alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 468 94 607, herborg.tegle@helse-bergen.noArbeidsstad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5132407989
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 24.08.2026
Sluttdato: 24.08.2027
Søknadsfrist: 07.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464491119
- Sist endret


