Ungdomsklubbarbeidar - 40 % vikariat
Vang Kommune
- Frist 21.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å skape ein trygg, aktiv og inkluderande møteplass for ungdom i Vang?
Me søkjer ein engasjert og tydeleg ungdomsklubbleiar som kan inspirere og motivere ungdom, bygge gode relasjonar og vere ein trygg vaksenperson i ungdomsmiljøet.
Stillinga er 40 % vikariat for skuleåret 26/27, med arbeidsstad både ved Vang barne- og ungdomsskule, kommunehuset og ungdomsklubben sine eigne lokale.
Arbeidstid vil hovudsakleg vere:
- kvar fredag kveld
- annakvar tysdag kveld
- noko arbeid på dagtid og enkelte arrangement/reiser må påreknast
Arbeidsoppgåver
Som ungdomsklubbleiar er oppgåvene dine:
- organisere og drifte ungdomsklubben
- setje opp vakter og koordinere frivillige
- planleggje aktivitetar og arrangement
- delta på og organisere turar saman med ungdommane
- arrangere klubbmøte saman med styret
- samarbeide tett med foreldre og frivillige
- delta i ungdomsråd
- vere medarrangør for UKM Valdres
- eventuelt delta på fylkesfestival i samband med UKM
- handtere UngApp - informasjonsapp til barn og unge
- vere til stades og skape eit trygt og positivt miljø under klubbkveldar
- bygge relasjonar og vere ein god rollemodell
- andre arbeidsoppgåver kan førekomme ved behov
Kvalifikasjonar
- er over 20 år
- har erfaring frå arbeid med ungdom (t.d. skule, fritid, kultur eller frivillig arbeid)
- har gjerne relevant utdanning (helse, sosialfag, pedagogikk), men det er ikkje eit krav
- er aktiv, engasjert og inspirerande for ungdom
- er sjølvstendig, fleksibel og tek ansvar
- er ein god og tydeleg rollemodell
- kan vere bestemt når situasjonen krev det
- har gode samarbeidsevner
- trivst med å arbeide med ungdom og frivillige
Me tilbyr:
- Ei meiningsfull deltidsstilling der du gjer ein forskjell
- Eit kreativt og engasjerande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke innhaldet i klubben
Kontaktinformasjon
Marta Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef Utdanning og kultur, 97756665, Marta.Bjornoy.Lalim@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51512975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5134378578
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 20.06.2027
Søknadsfrist: 21.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464481696
- Sist endret




