Sjukepleiar
Kirurgisk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 100% stilling med arbeid kvar 5. helg ved skadepoliklinikken
Stillinga er kombinert slik du jobbar 60% ved preoperativ poliklinikk og 40% ved kirurgisk poliklinikk.
Ved preoperativ poliklinikk kjem pasientane for klargjering før operasjon. Her samarbeidar du, som sjukepleiar, med andre yrkesgrupper for å få pasientane best mogleg førebudde til operasjon og tida etterpå.
Kirurgisk poliklinikk tek imot planlagte pasienter til utredning, behandling og kontroll av ulike tilstandar, sjukdommar og skadar innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også i mot akutte skader ved vår skadepoliklinikk som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Som sjukepleiar her vert du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeidar tett med andre faggrupper.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing av pasientar til planlagde operasjonar
- Koordinering og tilrettelegging av dagleg drift i poliklinikken
- Assistere ved prosedyrar og inngrep
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå preoperativ poliklikk er ein fordel
- Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kirurgisk virksomheit er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å ta ansvar, arbeidar sjølvstendig og strukturert med oppgåver som krev oversikt og godt tverrfagleg samarbeid
- Stabil arbeidskapasistet gjennom varierte arbeidsdagar
- Endringsvillig, fleksibel og engasjert
- Bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Karoline Roald Skjong, Seksjonsleiar, Karoline.Roald.Skjong@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5109748544
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464481069
- Sist endret

