100% Tannlege Arna tannklinikk og 100% Tannlege Osterøy tannklinikk
IDI-TH - Arna klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arna tannklinikk er lokalistert på Øyrane Torg i 3.etasje og har 8.behandlingsrom. Osterøy tannklinikk ligger på Osterøy videregående skule i Lonevåg og har 3 behandlingsrom.
Begge tannklinikkane har moderne utstyr og eit sterkt faglig arbeidsmiljø.
Oppstart i august 2026 etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar på Osterøy tannklinikk.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Brit Helvik Roll, klinikkleiar (tannlege), 99102064Arbeidsstad
Ådnavegen 635260 Indre Arna
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5128276647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 07.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464471859
- Sist endret

