Kafeteriamedarbeider
Extra Kafe Førde
- Frist 07.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Coop Kafe Førde søkjer Kafémedarbeider i 100% stilling
Coop Kafé Førde søkjer ny medarbeidarVil du bli ein del av teamet vårt på Coop Kafé Førde? Vi ser etter ein positiv, lærevillig og serviceinnstilt medarbeidar som trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med gode kollegaer.Kaféen vår er ein populær møtestad i Førde, sentralt plassert mellom Bergen og Ålesund. Hos oss jobbar vi kvar dag for å gi kundane gode matopplevingar og god service, samtidig som vi tek vare på det gode omdømmet til ein trygg og framtidsretta arbeidsgjevar – Coop Nordvest SA.Kven ser vi etter?Vi ønskjer oss ein påliteleg og imøtekommande person med godt humør og glimt i auga. Du trivst i møte med menneske, bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er oppteken av å yte god kundeservice.Det er ein fordel om du har interesse for mat og matopplevingar, sidan arbeidet omfattar både matproduksjon og fokus på matsikkerheit i det daglege.Stillinga inngår i turnus med arbeid på dagtid, kveld og kvar sjuande helg. Ho kan også passe godt for studentar som ønskjer eit pauseår frå studiane eller relevant arbeidserfaring ved sidan av. Arbeidsoppgåver
- Kundeservice – kunden kjem alltid først
- Kassehandsaming
- Produksjon og servering av varme og kalde rettar
- Følgje rutinar for drift, matproduksjon, IK-mat og reinhald
- Reinhald, rydding og anna førefallande arbeid
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Ein nyoppussa og moderne arbeidsplass
- God opplæring og kompetanseheving gjennom Coop-skolen
- Pensjonsordning med eigensparing
- Gode forsikringsordningar
- Rabattavtalar for tilsette
- Moglegheiter for vidare utvikling i Coop Nordvest
FerdigheterAI-generert
- Kontanthåndtering
- Matproduksjon
- Norsk
- Rengjøring
- Tilberedning av kald og varm mat
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Kronborgvegen 34, 6813 Førde
- Bransje: Butikk og varehandel, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Coop, Coop Nordvest, Kafeteria, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464470692
- Sist endret



