Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
Sogndal kommune, Byggdrift
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
To faste stillingar, 100 %.
Vil du ha ein praktisk jobb med bygg, folk og varierte oppgåver i teknisk drift?
Sogndal kommune søkjer to driftsoperatørar. Den eine stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med kommunale utleigebustader og oppgåver i skjeringspunktet mellom fleire tenester. Den andre stillinga er retta mot drift og vedlikehald av kommunale bygg, med arbeidsstad i Balestrand.
Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal for den første stillinga og Balestrand for den andre, men du må rekne med arbeid i heile kommunen ved behov.
Arbeidsoppgåver
I stillinga knytt til bygg og utleigebustader vil hovudtyngda av arbeidet vere oppfølging av kommunale bustader og kontakt med leigetakarar. Du bidreg ved inn- og utflytting, er eit naturleg kontaktpunkt i kvardagen og utfører førefallande vedlikehald både inne og ute.
Du vil også delta i oppussing og klargjering av bustader mellom leigeforhold, i samarbeid med einingane som tildeler bustadane.
Ein del av stillinga er knytt til utkøyring av hjelpemiddel til innbyggjarar, enkel montering og praktiske oppgåver ute hos brukarane. Du kan også bidra med praktiske vedlikehaldsoppgåver i helsebygg ved behov.
I stillinga som driftsoperatør bygg i Balestrand vil arbeidet i større grad handle om drift og vedlikehald av kommunale bygg og tilhøyrande uteområde. Dette omfattar oppfølging av tekniske anlegg, planlegging og gjennomføring av vedlikehaldsarbeid, og deltaking i mindre prosjekt.
For begge stillingane gjeld det at du ved behov vil bidra til andre oppgåver innan byggdrift. Arbeidet skjer i tett samarbeid med driftsoperatørar og formenn i teknisk drift, og tenestebil blir nytta i arbeidstida.
Sogndal kommune er i stadig utvikling. Me ønskjer å nytte ressursane våre på tvers av fagområde for å bruke kompetanse og kapasitet best mogleg. Dette gjeld òg innan bygg, veg, vatn og avløp. Difor ser me etter deg som er fleksibel og trivst med å bidra der det er behov, samstundes som fagområda består som eigne einingar.
Kven me ser etter
Du har gjerne fagbrev som tømrar, røyrleggjar, elektrikar, byggdriftar eller liknande teknisk fag. Solid praktisk erfaring frå drift og vedlikehald av bygg kan kompensere for manglande formell kompetanse.
Me ser etter deg som er trygg i møte med ulike menneske, og som klarer å kombinere praktisk arbeid med god service. Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar i kvardagen, samstundes som du trivst med samarbeid. Det er også viktig at du har grunnleggjande teknisk forståing og kan handtere vedlikehald, utstyr og enkle reparasjonar.
Du må meistre norsk munnleg og vere komfortabel med bruk av pc, mobil og enkle digitale verktøy. Har du i tillegg språkkompetanse som kan vere nyttig i møte med leigetakarar frå ulike land, er det eit pluss.
Det kan bli aktuelt å be om politiattest, då arbeidet inneber kontakt med sårbare grupper.
Me tilbyr
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med praktiske oppgåver, ansvar og samarbeid med kollegaer i teknisk drift.
Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, velferdsordningar i tråd med kommunen sine avtalar og løn etter avtaleverket.
Me ønskjer eit mangfald av søkjarar og legg til rette for at alle skal kunne bidra. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, og prøvetida er seks månader.
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad
Oppgi i søknaden kva stilling du søkjer på, eller om du er aktuell for begge.
Send søknad og relevante vedlegg gjennom EasyCruit innan søknadsfristen.
Velkomen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma.
Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr.
FerdigheterAI-generert
- Anvende digitale verktøy
- Bygningsvedlikehold (oppvarming/vann/sanitær)
- Drift av eiendommer
- Drift og vedlikehold av bygninger, anlegg og tekniske installasjoner
- Drift og vedlikehold av infrastruktur
- Oppussing av bolig
- Planlagt vedlikehold
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Riverdalen 5, 6856 Sogndal
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Driftsoperatør/vaktmester, Teknisk service
Nøkkelord
Driftsoperatør, Rørlegger, Elektriker, Tømrer, Byggdrift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464462833
- Sist endret

