Rettleiar i Familieteamet
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 03.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar?
Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet. Vi har ledig 100 % fast stilling som Familierettleiar.
I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette betyr blant anna å samarbeide betre mellom fagområda og på tvers av aldersgrupper. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein eigen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.
Familieteamet tilbyr rettleiing og oppfølging til barn, unge og familiar både på lågterskel og etter vedtak frå barneverntenesta. Vi søker deg som har erfaring frå endringsarbeid i familiar, psykisk helse og som ser moglegheiter og tenker nytt til det beste for innbyggarane våre.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Observasjon
- Rettleiing knytt til emosjonell og praktisk omsorg i familien sitt heimemiljø
- Familiesamtalar
- Klinisk arbeid med barn og unge, kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Ulike tilsynsoppdrag knytt til familiar og barn/ungdom
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse eller sosialfagleg utdanning
- Vidareutdanning i psykisk helse, endringsarbeid, samspel eller anna relevant vidareutdanning
- Ønskeleg med sertifisering i rettleiingsmetodikk (PMTO, Tuning into kids/teens, EFST eller anna)
- Erfaring frå endringsarbeid i familiar
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Førarkort klasse B
I tillegg ønskjer vi at du har
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Har blikk for barn sine meistringsstrategiar
- Forståing og kunnskap om barn/ungdom og psykisk helse
- Er samarbeidsorientert og jobbar godt i tverrfaglege team
- Ønsker å bidra til å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med psykisk helse, helsefremming og førebygging på oppvekstfeltet
Vi legg vekt på personlege eigenskapar
Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein kveld i veka.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Faglege og personlege utfordringar
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter gjeldande avtalar
- Oppstart etter avtale
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom, Sykepleier
Nøkkelord
familieveileder, Rettleiar, sosionom, familierådgiver, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464454152
- Sist endret
