Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i barnehagane i Suldal
Suldal kommune Overordna oppvekst
- Frist 5.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Me treng Barnehagelæar . Er du ein av dei?
Er du på jakt etter dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Me har ei fast 100% stilling som Barnehagelæar på Vinjar barnehage for tida i avdeling Nesflaten.
Spørsmål om stillingane kan rettast til einigsleiar ved den einskilde barnehage eller rådgjevar for oppvekst Tore Bastlien Dahl mobil 404 18 959.
Er du klar? Me treng deg!
Arbeidsoppgåver:
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Kvalifikasjonar
Du er utdanna barnehagelærar/føreskulelærar eller har annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
- Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
- Tilstadeverande og fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn.
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
- Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norsk kunnskapar både muntleg og skriftleg
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464450629
- Sist endret

