Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Sola

Barne- og ungdomsarbeidar/ Miljøarbeidar

Dysjaland skule, Sola kommune

  • Frist 7.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Vi har ledige stillingar i 50% vikariat som miljøarbeidar i SFO frå 01.08.2026.

Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune. Skulen ligg i eit roleg og landleg område. Vi har eit funksjonelt og nytt uteområde med flotte idrettsanlegg som stor idrettshall, symjehall, kunstgrasbane og ballbinge i tilknyting til skulen. Det er òg mange fine turområde i nærleiken av skulen.

Skuleåret 2026/27 har skulen eit elevtal på om lag 390 elevar, og vi er ca. 100 barn på SFO. I det vaksne miljøet er det om lag 60 tilsette, inkludert avdelingsleiar på SFO og assistentar. Skulen har nynorsk som offisiell målform, men vi har bokmålsklassar på dei fleste trinna. Administrasjonen vår består av rektor, tre inspektørar, SFO-leiar og skolekonsulent.

Visjonen vår, Klok og Glad, representerer skulekulturen vår med fokus på kompetanse, sosioemosjonell meistring og skulemiljø. Skulen sine satsingsområde er eit trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring og utvikling av inkluderande læringsmiljø. I begynneropplæringa driv skulen med utviklingsarbeid innan leikbasert læring. I det profesjonsfaglege læringsfellesskapet arbeider vi med å utvikle ein praksis som skal vere meir praktisk og variert. Skulen satsar på lesing i opplæringa frå 1.–10. trinn, og her er skulebiblioteket eit viktig element for elevar og tilsette.

Intervju vil skje fortløpande.


Arbeidsoppgaver

  • Oppfølging av elevar med særskilde behov.
  • Som miljøarbeidar hos oss vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av elevar med spesielle behov og ulike utfordringar i kvardagen. Dette inneber å leggje til rette for meistring både fagleg og sosialt, og å vere ein trygg støttespelar som ser den enkelte eleven sine føresetnader. Arbeidet krev tett samarbeid med føresette, lærarar og andre støttefunksjonar for å sikre heilskapleg og god oppfølging.
     

Kvalifikasjoner

  • Vi søkjer etter kandidatar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande utdanning
  • Vi krev at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God på relasjonskompetanse


    Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå Vitnemålsportalen.
    Har du utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (hkdir).
    Se også godkjenning av utdanning frå utlandet: https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
 

Personlige egenskaper

Dysjaland SFO ser etter medarbeidarar med godt humør som har evna til å sjå positivt på det meste i livet.

Du er ein utprega lagspelar som ser betydninga av å gjere kvarandre gode.
Du er sjølvstendig, raus, høg arbeidsmoral og løysingsorientert. 

Personleg eigenskap vil bli lagt stor vekt på i vurderinga av søkjarane.

 

Vi tilbyr

Vi har velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra og pliktene som går fram av utlysinga, og dei lovene, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.

Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk.
 

Kontaktinformasjon

Tina Byberg, SFO-Leder, 90400002

Eivind Emblemsvåg, Rektor, +47 91772152

Arbeidssted

Tjeltavegen 1

4054 Tjelta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sola kommune


Referansenr.: 5132186385

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 07.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464435795
  • Sist endret 22.5.2026, 13:58
Rapporter annonse