1.styrmann i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Møkstrafjord
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 5.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 har no to ledige stillingar i attraktiv skiftordning som 1. styrmann på sambandet Hufthamar–Krokeide.
Skiftordning: 1 veke på og 2 veker fri vinterhalvåret. 2 veker på og 4 veker fri sommerhalvåret. Reisekostnader til og frå dekkast av rederiet.
Sambandet Hufthamar–Krokeide er eit viktig og sentralt bindeledd i bergensregionen, med jamn trafikk og eit godt arbeidsmiljø om bord. Som 1. styrmann får du ei sentral rolle i den daglege drifta, med ansvar for navigasjon, tryggleik og leiing av mannskapet.
Dette er ei spennande stilling i eit innovativt rederi som satsar på grøn teknologi og moderne løysingar. Du får jobbe med toppmoderne utstyr på ei stillegåande og energieffektiv el-ferje – og vere med på å forme framtida for miljøvenleg sjøtransport.
Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdelingen på si vakt
- Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
- Tryggleiksoffiser
- Navigere sjølvstendig på si vakt
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
- At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
- At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
- Opplæring av personell
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
- Andre oppgåver iht. stillingsinstruks
- Oppgåver iht alarminstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskapar muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Vi leter etter en erfaren og dyktig 1.styrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Skiftordning: Tilpassa sjøvakt,
- Ein bur om bord i arbeidsperiode.
- Reisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederiet.
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
5244 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5133613622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464363792
- Sist endret