Kyrkjelydspedagog i Suldal
Suldal Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 11.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Då kyrkjelydspedagogen vår flyttar til ein annan kant av landet, lyser me no ut etter ny KYRKJELYDSPEDAGOG
Hva vi ser etter
-
utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket, evt. anna pedagogisk (lærar eller barnehagelærar). Dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning bli vurderte
-
har erfaring med kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid vil vere ein fordel
-
kan arbeide sjølvstendig og i team, har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
-
har engasjement for kyrkjeleg undervisning og trusformidling
-
har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med born og unge
-
er strukturert og fleksibel
-
har førarkort og disponerer bil
-
beherskar norsk skriftleg og munnleg. Språkforma er nynorsk.
-
personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Særskilde krav
-
Medlemsskap i Den norske kyrkja
Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med kyrkja sitt trusgrunnlag og mål
-
Politiattest jfr. Trossamfunnsloven §20
Arbeidsoppgaver
-
Planlegge, administrere og gjennomføre tiltak i tråd med vedtekne planar - åleine, i samarbeid med andre tilsette og saman med frivillige medarbeidarar. Stillinga har hovudvekt på tiltaka frå 0-12 år, men bidrar óg i tiltak inn mot andre aldersgrupper.
-
Medverknad ved gudstenester (omlag 1 gudsteneste pr månad) i tilknytning til undervisningsarbeidet
-
Rekruttere og ivareta frivillige medarbidarar
-
Ein del kvelds- og helgearbeid må påreknast
-
Nokre administrative oppgåver
Vi tilbyr
-
ein sjølvstendig og variert jobb med born og unge
-
fleksibel arbeidstid
-
varierte og meiningsfulle oppgåver
-
eit raust og fint arbeidsfellesskap på kyrkjekontoret (saman med to prestar, kyrkjeverje, diakon og kyrkjemusikar)
-
Pensjonsordning i KLP
-
løn etter KA sitt regulativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464350777
- Sist endret

