Digitaliseringsrådgivar
Austevoll kommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli digitaliseringsrådgivar i Austevoll kommune!
Om stillinga
Austevoll kommune søker ein digitaliseringsrådgivar som vil ha ei sentral rolle i å utvikle, forbetre og digitalisere arbeidsprosessar og tenester i kommunen. Digitalisering er løfta fram som eit prioritert verkemiddel i kommuneplanen sin samfunnsdel, og skal bidra til betre tenester, meir effektiv ressursbruk og ei meir framtidsretta kommune.
Vi står midt i ei viktig utvikling der teknologi, organisasjon og menneske må spele saman for å skape betre tenester for innbyggarar og næringsliv. Du vil arbeide tett med leiarar, fagmiljø og eksterne samarbeidspartar og bidra til å sikre at digitale løysingar blir godt forankra, riktig implementerte og gir reelle gevinstar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Som digitaliseringsrådgivar vil du mellom anna arbeide med:
- planlegging, leiing og gjennomføring av digitaliserings- og endringsprosjekt i tråd med mål i kommuneplanen
- bidra til analyse og design av arbeidsprosessar på tvers av tenesteområde
- prosjekt- og endringsleiing frå idé til implementert løysing
- sikring av gevinstrealisering, effektuttak og varig endring i praksis
- rådgiving til leiarar og fagmiljø innan digital utvikling og forbetringsarbeid
- koordinering mellom fagmiljø, leverandørar og interne/eksterne IKT-ressursar
- legge til rette for brukarinvolvering, workshopar og fasilitering av tverrfagleg samarbeid
bidra til kompetanseheving og felles forståing for digitalisering i organisasjonen
Stillinga inneber både strategisk og operativt arbeid, og krev evne til å omsette politiske føringar, behov og mål til konkrete og gjennomførbare løysingar.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan teknologi, innovasjon, organisasjon, prosjektleiing eller tilsvarande
- erfaring frå digitaliseringsprosjekt, forbetringsarbeid eller endringsleiing
- erfaring med prosjektleiing og strukturert gjennomføring
- god forståing for samanhengen mellom teknologi, arbeidsprosessar og organisasjon
- evne til å kommunisere tydeleg og skape forankring på ulike nivå i organisasjonen
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Det er ein fordel om du har erfaring med:
- tenestedesign, prosesskartlegging eller kontinuerleg forbetring
- smidig metodikk (til dømes Scrum, Kanban eller liknande)
- kjennskap til ROS, DPIA og GDPR
- gevinstrealisering og effektmåling
- arbeid i eller mot offentleg sektor
- komplekse organisasjonar med mange interessentar
Personlege eigenskapar
Vi legg særleg vekt på at du:
- er strukturert, utviklingsorientert og løysingsfokusert
- trivst i rolla som pådrivar og samarbeidspartnar
- har god gjennomføringsevne og evne til å skape framdrift
- kombinerer analytiske ferdigheiter med god relasjonskompetanse
- er trygg i møte med endring og kan bidra til å ta organisasjonen med på reisa
Austevoll kommune og samarbeid
Austevoll kommune er del av det regionale IKT-samarbeidet IKTNH, og deltek i eit breiare digitaliseringssamarbeid (DI). Dei same kommunane er med i begge samarbeid, noko som legg til rette for heilskapleg samordning mellom drift, utvikling og digitalisering. Gjennom dette får kommunen tilgang til sterke fagmiljø, felles løysingar og utviklingsprosjekt, og støttar opp under måla i kommuneplanen om samhandling, effektivisering og innovasjon.
I denne stillinga vil du få høve til å arbeide i skjeringspunktet mellom lokal utvikling, regional samhandling og politisk styrte prioriteringar.
Vi tilbyr
- ei sentral og strategisk viktig stilling i kommunen sitt digitaliseringsarbeid
- høve til å bidra direkte til gjennomføring av mål i kommuneplanen sin samfunnsdel
- stor moglegheit til å påverke utvikling, arbeidsmåtar og løysingar
- faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- løn og vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Analysere forretningsprosesser
- Gevinstrealisering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464350658
- Sist endret
