Menighetsarbeidar
Kirkejobb
- Frist 02.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Menighetsarbeidar
Menighetsarbeidar i 80 prosent stilling
Det er ledig stilling som menighetsarbeidar i frå midten av august i Bjerkreim kyrkjeleg fellesråd, Bjerkreim sokn. Stillinga er i 80 prosent der 40 prosent av stillinga er fast, 40 prosent er eit vikariat med mulighet for fast stilling.
Kva vi ser etter
Vi søkjer etter ein person som er glad i barn og ungdom. Den tilsette vil ha ansvar for kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge opp til 18 år i regi av Bjerkreim sokn.
Personlege kvalifikasjonar og fleksibilitet, samt evne og vilje til å arbeide i team er svært viktig og vil bli vektlagt.
Vi søkjer etter ein person som
- Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
- Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
- Har relevant utdanning innan pedagogikk og/eller kristendom. Personar med erfaring frå liknande stillingar eller frå anna pedagogisk arbeid kan òg søkje.
- Er personleg eigna til stillinga
- Er komfortabel med å formidle tru
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
- Er medlem i Den norske kyrkja
Arbeidsoppgåver
- Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar og aktivt samarbeide med desse
- Delta i utvalet for kyrkjeleg undervisning og læring
- Tilrettelegge praktisk og delta i konfirmantarbeidet i nært samarbeid med soknepresten
- Ha ansvar for aktivitetar for ungdom i regi av Bjerkreim sokn, eksempelvis koordinere trafikalt grunnkurs, Kode B, Connect.
- Ha ansvar for årlege samlingar for ulike alderstrinn
- Samarbeide med skular og barnehagar om kyrkjebesøk
- Arrangere dåpsskule og ha ansvar for utdeling av bøker på familiegudstenester
- Delta på stabsmøte og gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
- Variert og spennande jobb
- Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og kyrkjeverje.
- Ordna løn- og arbeidsvilkår. Løn etter KAs tariffavtale og pensjonsordning i KLP.
Bjerkreim ligg i regionen Dalane, og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.
Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.
Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.
Annet
- Oppstart - (helst) 17. august 2026
- Tilsetjingsform - 40% fast, 40% vikariat (med mulighet for fast tilsetjing)
- Arbeidsdagar - Ein må rekne med å arbeide både vekedagar, kveldar og helger
- Arbeidstid - Dagtid og kveld
- Utdanning - Ingen formelt fastsette krav
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.
FerdigheterAI-generert
- Undervisning innen religion
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fv110 40, 4387 Bjerkreim
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464244248
- Sist endret

