Rettleiar - sosialkonsulent
Osterøy kommune
- Frist 05.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Rettleiar sosialkonsulent
Om stillinga
Trivst du med å rettleie og jobbe tett på enkeltmenneske? Har du pågangsmot og engasjement for å jobbe med mennesker som av ulike grunne har mista tilknytninga si til arbeidslivet, eller skal inn i arbeidslivet for første gong? Våger du å ta dei nødvendige samtalane og evnar å avdekke utfordringar som står i vegen for at brukarane våre skal nå måla sine om jobb og sjølforsørging? Har du trua på at alle menneske kan få og behalde arbeid? Då er du sannsynleg den vi leitar etter!
- Vi har ledig fast 100% stilling som saksbehandlar i økonomisk sosialhjelp ved Nav Osterøy Du som blir tilsett vil bli ein del av eit team med fagleg sterke medarbeidarar med brei og lang erfaring. Du vil også jobbe med utviklingsarbeid som styrker barneperspektivet og sikrar at barna sine behov blir ivaretekne i familiar med behov for Nav sine tenester.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og arbeidsretta oppfølging av brukarar
- Saksbehandling etter lov om sosiale tenester
- Kartlegging og saksbehandling skal sikra ein heilhetleg oppfølging av brukarar med sikte på avklaring i forhold til arbeid, skule, undervisning eller anna aktivitet.
- Ha kontakt med arbeidsgjevarar, helsetenester og andre samarbeidsparter.
- Bistå med råd og rettleiing herunder enkel økonomisk rådgjeving
- Delta i aktuelle nettverk internt og eksternt
- Bidra til fagleg utvikling på kontoret
- Delta i rullerande mottaks- vaktordning
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylte oppgåver
- Eit godt og fagleg arbeidsmiljø som er oppteken av utvikling
- Gode og inkluderande kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kvalifikasjonskrav
- Vi ønskjer oss i hovudsak sosionomar eller barnevernspedagogar, men søkarar med bachelor innanfor helsefag, økonomi eller juridiske fag vil bli vurderte.
- Relevant erfaring
- Gode kommunikasjonsevner og gode norskkunskaper muntleg og skriftleg
- Vi ønskjer at du har
- Rettleingskompetanse
- God sosialfagleg og økonomisk forståing
- Erfaring med å kunne stå i utfordrande situasjonar og det å ha til tider ein ufoutsigbar arbeidsdag
- God forståing av relevant lovverk
Kven er du?
- Evne til god og tillitsbyggande kommunikasjon, der du skaper gode menneskemøte. Respekt og rausheit skal stå høgt for menneske som er seg i ulike livssituasjonar, og dessutan kollegaer og samarbeidsinstanser.
- Vi liker godt kreative og «utanfor boksen» løysninger som sikrar forsvarleg praksis.
- Du liker utfordringar, er løysningsorientert, initiativrik og fleksibel, og dessutan er robust og handterer emosjonelt krevande situasjonar.
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagd.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
FerdigheterAI-generert
- Finansiell og økonomisk rådgivning
- Saksbehandling etter regelverket administrert av NAV (sosialtjenesteloven)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Ergoterapeut, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464232688
- Sist endret



