Universitetslektor (20%) i utøvande musikk, trombone ved Griegakademiet
Universitetet i Bergen
- Frist 10.6.2026
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektorVed Griegakademiet – Institutt for musikk, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei 4-årig åremålsstilling stilling som universitetslektor (20 %) i utøvande musikk, trombone. Tilsetjing er ønska frå august 2026.
Arbeidsoppgåver:
Vi søkjer ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet utøvande musikk, trombone. . Vi søker etter ein universitetslektor til undervisningsoppgåver i trombone hovudsakleg på bachelornivå, med moglegheit for oppgåver på masternivå. Det kan i tillegg bli aktuelt med oppgåver knytte til prosjektrettleiing, Og undervisning på talentprogrammet Griegakademiets Unge Talenter. Fagmiljøet vil knyte til seg ein fagperson med kompetanse innan solistisk utøving, kammermusikk og orkesterspel/store ensemble, og med brei sjanger- og repertoarerfaring. Undervisning kan omfatte hovud- og bi-instrument på våre studietilbod innan utøvande musikk samt innan ensemblespel/kammermusikk. Arbeid med prosjekt kan verte aktuelt.
Arbeidsoppgåvene kan omfatte
- Undervisningsoppgåver hovudsakleg på BA-nivå
- Rettleiing av praksis og oppgåver hovudsakleg på BA-nivå
- Rekrutteringsarbeid
- Organisering og tilrettelegging av ovanståande oppgåver
- Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid
Lista er ikkje uttømmande. Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i utøvande musikk, trombone. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.
- Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring.
- Pedagogisk basiskompetanse er eit krav, men den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
- Det er eit ønskje at søkjar har relevant undervisningserfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
- Det er eit ønskje at søkjar har administrativ erfaring, samt erfaring med formidling av kunstnarisk praksis i offentlege eller faglege kontekstar.
- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetting.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein fagleg vurderingskomité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å gjennomføre prøveundervisning.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 653 000 – 690 000kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV.
- Vitnemål og attestar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg verksemd, i form av lyd- og/eller videoopptak.
- Liste over kunstnarlege/vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar.
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Geir Davidsen, mob. +47 91818633, e-post: g.davidsen@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464229922
- Sist endret
