Teaterpedagog - 44% fast stilling
Alver kommune
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Spennende stilling i kulturskulen i Alver kommune
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 40% fast stilling som teaterpedagog frå 01.08.2026, me er på jakt etter deg som kan og vil styrke, utvikle og bygge teaterfaget vidare.
Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.
Teaterundervisninga finn stad to dagar for veka etter grunnskulen si undervisingsdag; måndag ettermiddag i Meland Aktiv (Fosseskarvegen 4 på Frekhaug) og tysdag ettermiddag i kulturskulehuset i Knarvik (Kvernhusmyrane 20). Me har godt tilrettelagte lokale for teaterundervisning og ei stadig veksande søkjarmasse.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om arbeidsplassen
Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst i tillegg til å vere ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning av elevar i grupper samansett på grunnlag av alder, nivå og geografi i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv. Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen
Ønskt kompetanse
Kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning innan teater/drama og relevant erfaring.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
Kven er du?
- Personlege eigenskaper, kan hentast frå jobbanalyse om du har fylt ut noko der
Me tilbyr
Døme:
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
- barnevernlova § 6-10, 1. ledd
- opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19
- helse- og omsorgstenestelova § 5-4
- brann- og eksplosjonsvernlova § 18
FerdigheterAI-generert
- Digitale kommunikasjonsverktøy
- Norsk
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar.Kultur sine tenester er desentraliserte, og har hovudkontor i Knarvik.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464223429
- Sist endret

