Leiar for NAPOS
Helse Bergen HF
- Frist 09.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar for Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar (NAPOS)
Vil du bidra til betre diagnostikk, behandling og livskvalitet for menneske med sjeldne sjukdomar?
Vi søker ein engasjert og målretta leiar til å vidareutvikle Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar (NAPOS). Vi har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdomane.
NAPOS har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
NAPOS rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får, gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.
NAPOS har om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. NAPOS er ein del av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar. For meir informasjon om NAPOS; sjå napos.no
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg, administrativt inkludert budsjett og personalmessig ansvar for NAPOS
- Ansvar for heilskapleg og strategisk utvikling av verksemda, i tråd med vedtekne mål og strategiar
- Delta i leiargruppa for Nasjonalt sjeldensenter
- Leie og vidareutvikle Norsk porfyriregister
- Delta i og eventuelt leie tverrfaglege team ved NAPOS
- Samarbeide med Seksjon for porfyrianalysar, seksjonsoverlege og legar ved MBF opp mot porfyridiagnostikk
- Ansvarleg for å legge til rette for forskingsaktivitetar, utviklingsprosjekt og kliniske studiar
- Avhengig av faglege kvalifikasjonar; bidra i klinisk verksemd retta mot helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdomar
- Delta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosar
- Leiar rapporterer til avdelingssjef ved MBF
Kvalifikasjonar
- Lege med norsk autorisasjon og relevant spesialistutdanning, alternativt mastergrad i helse- eller laboratoriefag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Kjennskap til porfyrisjukdomar og/eller sjeldenfeltet vil vere ein stor fordel
- Forskingserfaring er ønskeleg
- Relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
- Evne til å uttrykke seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, samt ha god formidlingsevne
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Personlege eigenskapar
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- Ansvarsbevisst med evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og målretta
- Å halde roa, oversikta og fokuset, sjølv når tempoet er høgt og mange fristar kjem samstundes
- Å kunne arbeide med fleire parallelle oppgåver og fullføre dei til rett tid
- Evne og vilje til å sette seg inn i nye saksområde
- Evne til å motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
- Interesse for utvikling- og forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Dagstilling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksible arbeidsforhold
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Human Resources budsjett
- Kliniske studier
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Napos, lege, helsepersonell, bioingeniør, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464215545
- Sist endret



