Menighetsarbeidar i 80 prosent stilling
Bjerkreim Sokn
- Frist 2.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter ny menighetsarbeidar til Bjerkreim sokn. Vi treng ein person som er glad i barn og ungdom til å ha ansvar for kyrkjeleg undervisning og læring opp til 18 år.
Det vil bli lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og fleksibilitet, samt evne og vilje til å arbeide i team.
Hva vi ser etter
· Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
· Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
· Har relevant utdanning innan pedagogikk og/eller kristendom. Personar med erfaring frå liknande stillingar eller frå anna pedagogisk arbeid kan òg søkje.
· Er personleg eigna til stillinga
· Er komfortabel med å formidle tru
· Meistrar norsk skriftleg og munnleg
· Er medlem i Den norske kyrkja
Arbeidsoppgaver
· Ha ansvar for aktivitetar for ungdom i regi av Bjerkreim sokn, eksempelvis koordinere trafikalt grunnkurs, Kode B, Connect.
· Tilrettelegge praktisk og delta i konfirmantarbeidet i nært samarbeid med soknepresten
· Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar og aktivt samarbeide med desse
· Delta i utvalet for kyrkjeleg undervisning og læring
· Ha ansvar for årlege samlingar for ulike alderstrinn
· Samarbeide med skular og barnehagar om kyrkjebesøk
· Arrangere dåpsskule og ha ansvar for utdeling av bøker på familiegudstenester
· Delta på stabsmøte og gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben
Vi tilbyr
-
40 prosent fast stilling, i tillegg kjem 40 prosent vikariat - med mulighet for fast tilsetjing
-
Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
-
Variert og spennande jobb
-
Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og kyrkjeverje.
-
Ordna løn- og arbeidsvilkår. Løn etter KAs tariffavtale og pensjonsordning i KLP.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464213461
- Sist endret




