Instruktørtannlege (20 % og 2x40 %) ved Institutt for klinisk odontologi
Universitetet i Bergen
- Frist 03.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Instruktørtannlege (20 % og 2x40 %) ved Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Instruktørtannlege (20 % og 2x40 %)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (http://www.uib.no/iko), er det ledig tre faste stillingar som instruktørtannlege (20 % og 2x40 %) med arbeidsstad for tida ved Seksjon for oral protetikk. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele dei to 40 % stillingane i 20 % stillingar dersom det berre melder seg søkjarar der 20 % stilling er aktuelt.
Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle.
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
- Minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
- Undervisningserfaring er eit ønskje
- Det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
- Det er ein føremon at søkjar har erfaring med digital protetisk arbeidsflyt, inkludert digitale avtrykk og/eller 3D-printing til odontologiske formål
- Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
- Undervisningsspråket er til vanleg norsk
- For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved UiO og UiB — Regelsamlingen documentation (https://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO/)
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 730 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 770 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar førsteamanuensis Ulrik Leidland Opsahl, Seksjon for oral protetikk, e-post: ulrik.opsahl@uib.no eller mobiltlf.: 412 27 714.
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Medisinsk pedagogikk
- Norsk
- Tannhelsetjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Tannhelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464209545
- Sist endret

