Assisterande seksjonsleiar
Helse Bergen HF
- Frist 07.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Assisterande seksjonsleiar
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Me er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!
OM SEKSJONEN OG STILLINGA
Kirurgisk seksjon har eit aktivt og sterkt fagmiljø som omfattar både kirurgi og ortopedi. Me behandlar pasientar innan døgn-, dag- og polikliniske løp og kvardagen er variert med både planlagt aktivitet og øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen er tverrfagleg samansett, med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø.
Me søkjer assisterande seksjonsleiar i 100 % stilling. Du vil få ei sentral rolle i den daglege drifta, med ansvar for å bidra til god pasientflyt, kvalitet i tenestene og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du vert ein viktig støttespelar for seksjonsleiar og del av leiarteamet. Du får varierte og utfordrande oppgåver, og høve til å påverke utvikling i ei tid med høg aktivitet og vidare satsing.
Stillinga kan om ynskjeleg kombinerast med klinisk arbeid.
OM VOSS
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt.
Arbeidsoppgåver
- Dag-til-dag-styring med fokus på god økonomi, fordeling av ressursar og oppretthalde aktivitet på tvers
- Medarbeidar-oppfylging, i samarbeid med seksjonsleiar
- Rekruttering og kompetanseutvikling for medarbeidarar
- Sikre kvalitet og effektivitet i pasientforløp og arbeidsprosessar
- Legge til rette for fagutvikling, prosjekt og forsking
- Legge til rette for oppgåvedeling
- Legge til rette for studentar, lærlingar og elevar
- Bemanningsplanlegging
- Arbeide for god samhandling internt og eksternt
- Legge til rette for godt arbeidsmiljø
- Seksjonsleiar sin stedfortredar
Kvalifikasjonar
Ynskje om:
- Erfaring med leiing
- Relevant erfaring frå klinisk verksemd
- Erfaring med IT-system nytta i helsetenesta
Krav om:
- Helsefagleg utdanning
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg godt
- IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
Du må
- ha evne til å ta eigarskap til rolla som assisterande seksjonsleiar og ansvar på tvers av profesjonar i eigen seksjon
- ha god organisasjonsforståing og evne til strategisk tenking
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og bidra til gode relasjonar i eiga eining, på tvers av faggrupper (team) og nivå i organisasjonen
- ha evne til å jobbe systematisk
- vere god på beslutning og gjennomføring
- vere fleksibel
- vere resultatorientert
- vere engasjert, ha evne til å engasjere og involvere tilsette
- ha gode pedagogiske evner
- vere lojal mot beslutningar i leiargruppa
Me tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Me kan hjelpe deg med å skaffe bustad
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Ledelse av arbeidsprosesser
- Medisinsk pedagogikk
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
assisterande seksjonsleiar, assisterende seksjonsleder, seksjonsleder, voss, kiorurgi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464123212
- Sist endret




