Lærarstilling innan Teknologi- og industrifag 100 %
Møre og Romsdal fylkeskommune, Haram vidaregåande skule
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Undervisningsstilling i Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi.
100 % stilling som lærar i utdanningsprogramma Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi.
Den som vert tilsett vil få ansvar for både ordinær undervisning og tilrettelagt undervisning for elevar med særskilte behov.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil innebere:
- undervisning i den praktiske og teoretiske delen av programfaga på Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi
- planlegging, gjennomføring og oppfølging av spesielt tilrettelagte undervisningsopplegg i programfag
- samarbeid med faginstansar ved behov
- samarbeid med lokalt næringsliv
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
- erfaring frå undervisning i fagområdet og/eller erfaring frå mekanisk arbeid
- god digital kompetanse
- god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
Personar med relevant fagutdanning, men som ikkje har godkjent pedagogisk utdanning, blir oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- ein engasjert og trygg medarbeidar
- sjølvstendig, fleksibel og kan samarbeide
- elevfokusert og nærverande i relasjon til ungdom og kollegaer
- fokusert på likeverd og kvalitet i arbeidskvardagen
- ein som er oppteken av eigne fagfelt, men og er med i planlegging og gjennomføring av tverrfaglege opplegg
Vi tilbyr
Haram vidaregåande skule tilbyr:
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- rettleiing for nytilsett pedagogisk personell og leiarar
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Håkon Sæterøy, Rektor, +47 95067318Arbeidsstad
Skuleråsa 106270 BRATTVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5122669459
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464119762
- Sist endret

