Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 2.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget.
Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder.
Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid.
Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
- Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
- Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
- Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.noArbeidsstad
Bognes - Skarberget8539
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5131579368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464044030
- Sist endret



