Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ålesund

Barnehagelærar

ØNH ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 31.5.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Vi har ledig eit 50 % vikariat som barnehagelærar ved Audiopedagogisk poliklinikk, ØNH, Ålesund sjukehus. Poliklinikken følger opp barn med nedsatt høyrsel i Møre og Romsdal, og som barnehagelærar vil du bidra i høyrsels- og språkstimulerande grupper, observere barna si utvikling og gi veiledning til foreldre og samarbeidspartnarar. Du vil også jobbe tverrfagleg saman med andre faggrupper i ØNH for heilheitleg utredning, behandling og oppfølging av barna.

Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter, og som trivst med å jobbe tett saman med kollegaer frå ulike faggrupper. Du er trygg, varm og til stades for barna, og har evne til å sjå kvart enkelt barn.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge det pedagogiske innhaldet for ulike barnegrupper
  • Planlegge og utføre ulike aktivitetar som stimulerer høyrsel-, språk og sosial utvikling
  • Observere og kartlegge barnas funksjon på dei ulike områda
  • Dokumentere i journal
  • Delta på ulike samarbeidsmøte

Kvalifikasjonar

  • Utdanna barnehagelærar, relevant erfaring kan eventuelt kompensere
  • Erfaring med å følge opp barn med spesielle behov
  • Erfaring med observasjon
  • Teiknkompetanse er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du må kunne framvise politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne til å sjå det enkelte barnet og støtte det i kvardagen
  • Vere god i samspel med barn
  • Vere trygg, varm og til stades for barna
  • Sjå moglegheiter
  • Kunne ta imot rettleiing og ha eit ønske om å lære om fagfeltet
  • Kunne jobbe i team med ulike faggrupper
  • Evne til å jobbe sjølvstendig

Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105271, Monika.Berget@helse-mr.no

Vibeke Marie Røvik, Spesialpedagog, 70106076

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 5106210059

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Startdato: 03.08.2026

Sluttdato: 04.07.2027

Søknadsfrist: 31.05.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464033893
  • Sist endret 18.5.2026, 15:08
Rapporter annonse