Tilkallingsvikarar i barnehagane og skulen
Vestre Slidre kommune
- Frist 1.5.2027
- Ansettelsesform Vikariat
Vestre Slidre kommune søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar ved Slidre kulturbarnehage, Røn naturbarnehage og Vestre Slidre skule for barnehage-/ skuleåret 2026/2027. Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store.
Har du lyst til å jobbe med barn og unge, og ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Søknadar blir vurdert fortløpande, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på, og kva tidsrom du kan arbeide. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko😊
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehage/ skule
- Oppfølging og rettleiing av barn og elevar
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift
- Bidra til eit trygt, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø
- Samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar, lærarar og andre med relevant kompetanse
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
- Politiattest må framleggjast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, omsorgsfull og tydeleg
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er påliteleg og samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
- Du bidreg med positiv energi og godt humør
- Personleg egnaheit og motivasjon vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og unge
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Janne Opheim, Rektor Vestre Slidre skule, 97602202, Janne.Opheim@vestre-slidre.kommune.noGrethe Våtsveen, Styrar Røn naturbarnehage, 97123190, Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no
Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5128967863
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.05.2027
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464016941
- Sist endret



