Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad
Fristen er utløpt

Helsefagarbeidar 80% stilling på natt, vikariat - Heimetenester Ølve

Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal

  • Søknadsfrist 7.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat
Helsefagarbeidar – natt - vikariat 1 år

Heimetenester Hatlestrand/Ølve

Er du helsefagarbeidar og ønskjer å jobba i eit engasjert og fagleg sterkt miljø i flotte omgjevnader? Heimetenestene i Hatlestrand/Ølve har no ledig 80 % stilling som helsefagarbeidar på natt.

Om stillinga

  • Stilling: Helsefagarbeidar
  • Stillingsstorleik: 80%
  • Arbeidstid: Natt (turnus med helg)
  • Tilsetjing frå: 01.07.2026 til 30.06.2027

Som helsefagarbeidar hos oss vil du arbeida med brukarar i heimeteneste, bufellesskap og omsorgsbustader. Du vil vera ein viktig del av eit tverrfagleg team som legg stor vekt på kvalitet, fagleg utvikling og gode relasjonar – både til brukarar og kollegaer.

Arbeidsoppgåver

  • Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader
  • Sikra trygge og gode nattevakter
  • Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene
  • Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb
  • Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel
  • Gode høve for fagleg utvikling

Studielån – viktig informasjon

Det er innført ny ordning for sletting av studielån:
Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet årleg, heilt til lånet er nedbetalt. Oppteninga har starta.

Vil du vera med å skapa trygge og gode netter for brukarane våre?
Vi ser fram til å høyra frå deg!

Heimetenester Ølve 


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Ølvesvegen 485, 5637 Ølve

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464012755
  • Sist endret 18.5.2026, 11:41
Rapporter annonse