Helsesjukepleiar, 100% vikariat
Gulen kommune
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Om stillinga
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar frå 03.08.2026 - 31.07.2027. Det kan verte moglegheit for noko forlenging.
Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Gulen kommune har tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar. Ein av helsesjukepleiarane skal ut i permisjon, og me søkjer etter ein vikar i perioden nemnd over.
Helsestasjonen har sin base ved Gulen helsesenter i Eivindvik, kor dei er samlokaliserte med legetenesta. Skulehelsetenesta vil primært ha sin base på dei fire grunnskulane i kommunen.
Me tilbyr
- Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ledig barnehageplass i kommunen
- Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer, lovverk og anbefalt program
- Helsestasjon for ungdom
- Drive opplysingsarbeid og undervising
- Rådgjeving og rettleiing
- Vaksinasjon
- Miljøretta helsevern/smittevern
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen
- Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
- Arbeid tilknytt flyktningar/familieoppfølging
- Andre oppgåver som måtte kome til
Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse, erfaring og behov.
Noko ettermiddag- og kveldarbeid må reknast med.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjent sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar kan sjukepleiar utan vidareutdanning vurderast
- Det er ynskjeleg med erfaring innan helsestasjon og skulehelsetenesta
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464006082
- Sist endret

