Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bremanger

Rettleiar i Nav Nordfjord

NAV Nordfjord, Stad kommune

  • Frist 31.5.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter!

Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar til avdelinga arbeid og helse.

100 % fast stilling. Oppstart snarast mogleg. 

Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgjevarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid mellom partane. Du vil bli en del av eit kompetent fagmiljø.

Hos oss vil du oppleve spennande og variert arbeid, der ingen dag er lik. Vi er kjende for å møte nye utfordringar med optimisme og pågangsmot.
Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for mennesker kvar einaste dag!

NAV Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn.
Vi leverer kommunale og statlege NAV-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei 4 kommunane, og har 44 tilsette fordelte på 4 lokasjonar.

Stillinga har arbeids- og oppmøtestad i Svelgen. 


Arbeidsoppgåver

• Følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar
• Rettleie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
• Kartlegge arbeidsevne, ressursar og moglegheiter
• Samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar

Kvalifikasjonar

• Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
• Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
• Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi

Det er ein fordel om du har:
• Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
• Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
• Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

• Du trur på at alle kan få og behalde ein ordinær jobb, uansett helseutfordringar
• Du møter folk i sårbare situasjonar med respekt, empati og profesjonalitet
• Du jobbar målretta og strukturert, og har god arbeidskapasitet
• Du motiverer andre og bygger tillit hos innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
• Du ser moglegheiter og finn gode løysingar
• Du tek ansvar, samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

• Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor 
• Løn etter gjeldande tariff

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Kari Tonning, Avdelingsleiar NAV Nordfjord, 45233070, kari.tonning@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Granden 4

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 5126007395

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.05.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Granden 4, 6723 Svelgen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 463996330
  • Sist endret 18.5.2026, 11:07
Rapporter annonse