Ergoterapeutar fast stilling
Voss herad
- Frist 08.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Ergoterapeut
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om stillinga:
Voss herad har ledig 2 faste 100% stilling som ergoterapeut i ergo og fysioterapiavdelinga. Oppstart på stillinga er 01.09.2026. Du vil jobba som kommunal ergoterapeut for brukarar og pasientar i alle aldra. Aktuelle område kan vera kvardagsrehabilitering, rehabilitering på institusjon , heimebesøk, hjelpemidelformidling osv. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar.
Om avdelinga:
Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Ergo og fysioterapiavdelinga har tilsett 12 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar. Voss herad har ein rehabiliterande tankegang. Det er alltid viktig å kunne sjå ressursane til brukar for å forebygge kompenserande tenester. Di evne som ergoterapeut til å sjå ressursane til brukar og evne for å tilretteleggja for at brukar skal kunne klare sjølv er avgjerande for at me skal lukkast.
Arbeidsoppgåver
Som ergoterapeut i heradet vil du jobbe i brukar sin eigen heim, men òg tett opp mot institu
Fylgjande arbeidsoppgåver er noko av det arbeidskvardagen vil bestå av:
- Vera ergoterapeut for innleggjande pasientar på institusjonar og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje brukare eit best mogleg utgangspunkt til å kunne nytte eigne ressursar og vera mest mogleg sjølvstendig i eige liv.
- Gjennomføre heimebesøk for kartlegging og vurdering av bruker og brukar sin bustad, samt søke på aktuelle hjelpemiddel ved behov.
- Gjennomføre ADL vurderingar av brukarar i heimen deira og brukarar på institusjon.
- Arbeid med barn og habiliteringstenesta
- Gjennomføre ulike testar av brukarar til dømes MMSE og COPM
- Vurdering av brukarar sine ressursar før tildeling av tenester
- Gjennomføre ADL øvingar for at brukar skal kunne meistre daglege gjeremål.
- Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning.
- Bidra aktivt i endringsprosessar og medverke til utvikling av tenesta
- Samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
- Jobbe med kunnskapsbasert praksis.
- Vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande ergoterapitilbod i heradet.
- Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre ergoterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister
- Endring i ergoterapioppgåver må kunne påreknast etter prioritering og endring av tenestetilbod.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent ergoterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova
- Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse
- Det er ynskjeleg med erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar
- Det er ynskjeleg med erfaring/interesse for arbeid med aldersgruppa 0-18 år
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Krav om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, brukar og arbeidsgjevar
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil.
- Er ansvarsbevisst og strukturert
- Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert ergoterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste
- Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Ergoterapi
- Gjennomføre nevropsykologisk testing
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hagahaugvegen 30, 5705 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
Nøkkelord
ergoterapeut, kommune, fast, stilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463744876
- Sist endret

