Lærar
Skodje barne -og ungdomsskule, Ålesund kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar
Skodje barne- og ungdomsskule, Ålesund kommune
Det er inntil 100% ledig vikarstilling som lærar ved Skodje barne- og ungdomsskule, på ungdomstrinnet for skuleåret 2026-2027.
Skodje barne- og ungdomsskule er ein 1 – 10-skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit til kvarandre, med eigne uteområde for barneskulen og ungdomsskulen. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på ungdomstrinnet i fag som engelsk, norsk, spansk og kroppsøving. Andre ungdomsskulefag kan vere aktuelle.
- Kontaktlærarfunksjon
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og samarbeid med eksterne instansar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning med undervisningskompetanse i anten norsk og/eller engelsk på ungdomstrinnet.
- Undervisningskompetanse i spansk, KRLE, kroppsøving, ITO eller andre relevante fag på ungdomstrinnet.
Personlege eigenskapar
- Vi søker engasjerte og bidragsytande lærarar som trivast med å jobbe i team, som er strukturerte, pliktoppfyllande og fagleg kompetente.
- Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
- Du er utviklingsorientert.
- Du er ein lagspelar som evner å skape gode relasjonar rundt deg.
- Personleg eignaheit vektleggast.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
- Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
- Eit profesjonsfagleg og godt arbeidsmiljø som er prega av samarbeid, samhald og engasjement.
- Løn etter gjeldande avtalar og regelverk.
Kontaktinformasjon
Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.noHarald Sten Hatlen, Assisterende rektor, 410 20 258, harald.sten.hatlen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Stadionvegen 236260 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5128189695
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463702195
- Sist endret
