Vik kommune har ledig ei 100 % fast stilling som miljørettleiar ved Feios skule og barnehage
Vik kommune Feios skule og barnehage
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Feios skule har ledig 100 % fast stilling som miljørettleiar frå skuleåret 2026/2027.
Krav til kompetanse
Det er ønskjeleg med høgskuleutdanning innan pedagogikk eller sosialfag. Annan utdanning kan verta vurdert. Søkjarar utan utdanning, men med erfaring frå liknande arbeid vil verta vurdert.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Me ser etter deg som:
- har evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna
- er engasjert og omsorgsfull
- brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barn sin trivsel
- er fleksible og samarbeidsvillig - du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre
- er ansvarsbevisst - du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
- Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Det er ledig fleire stillingar som fagarbeidar ved Feios skule og barnehage frå hausten av.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i søkarportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lasta opp saman med søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463512406
- Sist endret





