Sjukepleiar / Vernepleiar
Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Haugesund Sjukehus
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst på nye utfordringer og vidareutvikling?
Vi har ledig 2 x 100% vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar, med moglegheit for fast ansettelse i Eldremedisinsk avdeling, alderpssykiatrisk sengeppost.
Hjå oss på eldremedisinsk post, alderspsykiatri, møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Vi løyser oppgåvene saman, tek ansvar når det trengst – og sørgjer for at både pasientar, pårørande og kollegaer blir sett.
Arbeidsdagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Her lærer vi av kvarandre, finn løysingar saman og skapar eit miljø prega av humor, tryggleik og fagleg styrke.
Vi har òg ein positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og legg i stor grad til rette for at du skal kunne utvikle deg vidare hos oss.
Kva går jobben ut på?
- Pasientoppfølging og observasjon gjennom natta.
- Delta i tverrfagleg team og koordinere oppfølging.
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kommunen.
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
- Gi omsorg og respekt for både pasientar og pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller autorisasjon som vernepleiar.
- Ønskeleg med videreutdanning innan rus og psykiatri.
- Ønskeleg med erfaring frå fagfeltet.
- Gode datakunnskaper.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ein trygg og engasjert sjukepleiar/vernepleiar
- held oversikta og har interesse for pasientgruppa
- er nysgjerrig og tek initiativ
- set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag
Kvifor skal du velje oss?
- Årsplan med 16 helger i året.
- Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
- Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
- Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Liknes Torsen, Fagsjukepleiar, 46889361Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5123460277
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463489079
- Sist endret
