Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Herøy (M.R.)
Fristen er utløpt

Sjukepleiar

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B

  • Frist 3.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

2. gangs utlysing

Ønska du å bidra til å gi personar med demens ein trygg kvardag? Vi har ledig ei 80 prosent fast stilling for sjukepleiar ved Myrvåg omsorgssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskild med individtilpassa miljøarbeid.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:

  • seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
  • seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Vi har årsturnus, med moglegheit for 12,5 timers vakter på helg med arbeid kvar fjerde helg for tilsette som ønsker det. Stillinga er ledig frå 01.10.2026.


Arbeidsoppgåver

  • drive individtilpassa miljøarbeid
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • ha fagleg hovudansvar for legemiddelhandtering
  • utarbeide og følge opp tiltaksplan 
  • sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar 
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
  • har god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker deg med personlege eigenskapar som varetek desse forventningane:

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande 
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336

Arbeidsstad

Åsvegen 13

6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 5123076636

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.10.2026

Søknadsfrist: 03.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Åsvegen 13, 6080 Gurskøy

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 463485200
  • Sist endret 15.5.2026, 10:47
Rapporter annonse