Fagansvarleg ungdom
Nav Region Voss og Hardanger
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Nav Voss og Hardanger søkjer ein rettleiar med fagansvar for oppfølging av ungdom og unge vaksne i ungdomsgarantien. Stillinga har ein sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfylging. Stillinga vil verte delt mellom fagansvar (50%) og oppfylging av eigne brukarar (50%).
Fagansvaret er ei regional rolle, men arbeidsstaden kan vera Voss, Kvam eller Ullensvang.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag i eit fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet og resultat, der samarbeid, læring og utvikling står sentralt.
Nav Region Voss og Hardanger har 6 kontor: Nav Ullensvang, Nav Eidfjord, Nav Ulvik, Nav Voss, Nav Kvam og Nav Vaksdal. Fagleiarrollen vil krevje noko reising mellom kommunane.
Kva går jobben ut på?
- som fagansvarleg vil du bidra til å utvikle og styrkje fagfeltet knytt til ungdom i regionen
- du samarbeider tett med leiinga og andre fagansvarlege, både lokalt og regionalt, og har ansvar for å fremje fagleg kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg forbetring i tenestene
- du leiar fagmøte, held deg oppdatert på utvikling i fagområdet og bidreg til å omsetje ny kunnskap til praksis i regionen
- stillinga inneber og oppfølging og rettleiing av eigne brukarar, der du bidreg til målretta oppfølging mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet
Aarbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli justerte i tråd med utvikling i tenestene og behova i eininga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- god rettleiingskompetanse
- god digital kompetanse
- førarkort kl B
Det er ein fordel om du har
- god kjennskap til arbeidsmarknaden og inkluderingsarbeid
- erfaring med kartlegging, rettleiing og oppfølging av ungdom og unge vaksne
- erfaring frå fagleiing, kollegarettleiing eller kompetanseutvikling
- kunnskap om aktuelt lovverk, gjerne Nav-lova, folketrygdlova eller forvaltningslova
Kva ser vi etter hos deg?
- du er ein fagleg pådrivar og god til å formidla
- du har gode samarbeidsevner og byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt
- du arbeider sjølvstendig og gjer gode faglege vurderingar
- du er fleksibel og endringsdyktig i møte med nye krav, arbeidsformer og utvikling i tenestene
Kvifor velje oss?
- moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- statleg tilsetting i stillingskode 1367 seniorrådgjevar med lønsspenn frå kr. 675 000 til kr. 750 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.noGrete Jorunn Grønnestad , Kontorleiar , 90852847, Grete.Jorunn.Gronnestad@nav.no
Arbeidsstad
Gurid Almenningens Plass5700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5129507188
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463478242
- Sist endret



