HR-rådgjevar
Helse Førde
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
HR-rådgjevar
Om oss
Rådgjeving og bemanning er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga. Seksjonen yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal- og HMS-området. Vi består i dag av seksjonsleiar, fire HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef og ein HMS-rådgjevar.
Om stillinga
Ein av våre dyktige HR-rådgjevarar skal ut i permisjon, og vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar i perioden 15.08.2026-31.12.2027. Hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Du vil arbeide saman med kollegaer som har høg fakompetanse og som har stort engasjement for arbeidet.
Kvifor jobbe hos oss
I Helse Førde arbeider vi kontinuerleg med utvikling og forbedring for å kunne levere best mogelege tenester til innbyggarane våre. For å få dette til, treng vi kompetente og motiverte medarbeidarar. Dei medarbeidarane vi rekrutterer no, og dei medarbeidarane vi beheld, skapar framtida til Helse Førde. Les meir om Helse Førde.
Om arbeidsstaden
Førde er administrasjonssenter i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Sjekk gjerne ut kva Sunnfjord kommune har å tilby.
Arbeidsoppgåver
- Vere kontaktpunkt mot klinikkdirektør og leiargruppe
- Informere og gjennomføre opplæring av leiarar og tilsette innan HR-faget
- Rådgje innan gjeldande lov- og avtaleverk
- Bidra til effektivisering av HR-prosessar
- Sakshandsaming
- Utvikling og implementering av måltal knytt til HR
- Delta i prosjekt og tverrgåande arbeid i organisasjonen etter behov
- Andre HR-relaterte oppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Fordel med erfaring som leiar eller personalarbeid
- Kunnskap om lov- og avtaleverk
- Gode IKT - kunnskapar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har fagleg god vurderingsevne
- Er resultat- og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Har gode samarbeidsevner
- Er engasjert og motivert
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR-system
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- HR Consulting
- Kunnskap innen arbeidsrett
- Personalrådgivning
- Utvikling og implementering av systemer for mål - og resultatoppfølging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR, HR-rådgjevar, Personal, Avtaleverk, Lovverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463474478
- Sist endret



