Prosjektleiar berekraftig forbruk
Regionrådet for Hallingdal
- Frist 4.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Prosjektleiar berekraft i Hallingdal - Vikariat
Hallingdal Berekraft er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen Hallingdal, kommunane, fylkeskommunen, Regionråd og næringslivet. Hallingdal Berekraft skal på sikt ha 4- 5 stillingar som skal styrke klimaarbeidet, auke innsatsen for å møte det grøne skiftet og jobbe for å få til grøn næringsutvikling.
Då den som har stillinga i dag går over i anna stilling, lyser me no ut denne vikarstillingga med Regionrådet for Hallingdal som arbeidsgjevar
Prosjektleiar berekraftig forbruk i Hallingdal
1 til 2-årig vikariat i 100 %. Snarleg tilsetting
Me søkjer ein prosjektleiar kan bidra til å redusere klimagassutslepp og fremme omstilling til eit lågutsleppssamfunn - frå lineær til sirkulær økonomi.
Målet med prosjektet er å redusere forbruket og auke ombruk ved å legge til rette for at kommunar arbeider meir systematisk med berekraftig forbruk og at fleire klimatiltak blir gjennomførte lokalt og gjennom å utvikle kommunikasjon og informasjon som synleggjer sirkulære aktørar og aktivitetar.
Stillinga jobbar tett med fleire andre kommunar på Austlandet.
Kvalifikasjonskrav.
Me er på jakt etter folk med eit sterkt klima og miljøengasjement, og med relevant utdanning eller kompetanse innan klima- og miljøarbeid.
Det viktigaste er at du har gode samarbeidsevne og god evne til å engasjere, kommunisere, motivere og få folk med deg.
Det er ein fordel med erfaring som prosjektleiar.
Arbeidsstad:
Me har kontorplass på Torpomoen i Ål kommune, men kan vera fleksibel på dette innanfor Hallingdal sine grenser.
Fullstendig annonse finn du her: https://regionraadet.no/ledigestillinger
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktinfo:
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til: Jan Olav Helling, dagleg leiar i Regionrådet, tlf. 99287897 Søknad på e-post til joh@hallingdal.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hallingdal Berekraft, er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen Hallingdal, kommunane, fylkeskommunen, Regionråd og næringslivet.
Hallingdal Berekraft skal på sikt ha 4- 5 stillingar som skal styrke klimaarbeidet, auke innsatsen for å møte det grøne skiftet og jobbe for å få til grøn næringsutvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torpomoen 27, 3579 Torpo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiar, bærekraft, klima, miljø
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463473333
- Sist endret



