Prosjektøkonom
Seksjon for forskning og utdanning, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Seksjon for forsking og utdanning (SFU) ved Helse Møre og Romsdal HF har hatt ei sterk og positiv utvikling i forskingsaktiviteten dei siste åra.
Vi søkjer no ein engasjert prosjektøkonom som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre forsvarleg forvaltning av forskingsmidlar og leggje til rette for vidare vekst. Stillinga er ny og gir deg høve til å byggje opp system og rutinar frå grunnen av, i tett samarbeid med forskarar, prosjektleiarar og leiing.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for plan, budsjett og oppfølgingsprosess for forskarar og stipendiatar i HMR
- Intern fordeling av inntekter og kostnader knytte til kliniske studiar (oppdrag og bidrag)
- Løpande rekneskapsoppfølging av forskingsprosjekt
- Oppfølging av intern- og eksternt finansierte forskarstillingar og bidragsforsking
- Vidarefakturering til samarbeidspartnarar og eksterne finansieringskjelder
- Saksbehandling og rapportering til leiing
- Økonomisk rådgiving og avgjerdsstøtte for vitskapleg personell
- Utvikling av standardiserte rutinar og system for prosjektøkonomiforvaltning
Kvalifikasjonar
- Relevant økonomifagleg utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad; helst mastergrad. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring med rekneskap, budsjettering, analyse, controllerfunksjonar eller tilsvarande
- God kunnskap om IT- og økonomisystem, inkludert Excel
- Ønskte kvalifikasjonar: Erfaring med SAP og Power BI
Personlege eigenskapar
- Du har god evne til å arbeide systematisk, analytisk og heilskapleg
- Du er sjølvstendig, initiativrik og fleksibel
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har stor gjennomføringsevne
- Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling med direkte bidrag til klinisk forsking og pasientbehandling
- Moglegheit til å byggje opp nye system og rutinar i ein organisasjon i vekst
- Tett samarbeid med forskarar, prosjektleiarar og leiing
- Konkurransedyktige vilkår etter HMR sitt lønsregulativ
- Gode arbeidsforhold og eit godt arbeidsmiljø
- Finansiering gjennom øyremerkte forskingsmidlar – trygg og føreseieleg ramme i 2 år, med moglegheit for forlenging
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, endre.grovik@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5112156618
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463473018
- Sist endret
