Her er du

Vil du vere styrar ved Loar barnehage?

Lom Kommune Sentraladministrasjon

  • Frist 31.5.2026
  • Ansettelsesform Fast

Det er frå 01.08.26 ledig 100 % stilling som styrar i Loar barnehage. Søknadsfrist 31.05.2026

Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Loar barnehage, med vilje og evne til å arbeide målretta for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde.




Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
  • Barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.

  • Styrarutdanning eller anna vidareutdanning innan leiing, eller leiarerfaring er ynskjeleg og vil bli vektlagt.

  • Solid kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.

  • Erfaring med, og evne til, systematisk utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring.

  • God økonomiforståing.

  • God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid og -samhandling.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vil legg særleg vekt på at du:

  • er ein tydeleg og fagleg sterk leiar som ser samanhengen mellom det fysiske og psykososiale miljøet og barna sin leik, læring og utvikling.

  • er trygg i leiarrolla og tydeleg i forventningar og retning.

  • har god relasjonskompetanse og skaper tillit hjå barn, føresette, tilsette, kollegaer og eksterne aktørar.

  • evnar å samle medarbeidarar om felles mål og retning.

  • er utviklingsorientert og har gjennomføringsevne.

  • handterer krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar med ro og struktur




Arbeidsoppgaver
  • Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt i tråd med Lov om barnehagar og forskrifter (rammeplan).

  • Rekruttere nye tilsette ved behov

  • Forvalte personal- og budsjettressursar innanfor gjevne fullmakter.

  • Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.

  • Ha overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.

  • Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.

  • Bidra inn i utviklinga av <>, i tett samarbeid med Garmo barnehage.




Vi tilbyr
  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse.

  • Støttefunksjonar innan personal, økonomi og IT.

  • Løn etter avtale.

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom vidareutdanning eller andre kollektive utviklingsarbeid.

  • Sletting av studiegjeld i høve statlege føringar

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 463470210
  • Sist endret 13.5.2026, 13:35
Rapporter annonse