Overstyrmann Solholmen - Mordalsvågen
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Solholmen - Mordalsvågen, p.t. MF Ivar Aasen.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer sommer nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringsordning og dekka reise ved første og siste vakt i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km for dei som ønskjer å delta på ordninga. Søkjar bør bu lokalt.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter.
- Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt.
- Treningsmoglegheiter om bord.
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
6411 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5128640898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463464591
- Sist endret
