Vi søker dekkssjef/overstyrmann
Fjord1 AS
- Frist 28.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Skiftordning: 2 veker på, og 1 veke av / 2 veker på, og 3 veker av.
Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. Du vil vere leiar av dekksavdelinga om bord.
Søkjar må bu lokalt. Oppstart mai 2026.
Arbeidsoppgåver
- Sikkerheitsstyring
- Energileiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Du er leiar for dekksavdelinga om bord
- Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5129528025
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463463596
- Sist endret

