Ambulerende matros Sunnmøre
Fjord1 AS
- Frist 28.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband på Sunnmøre og i Romsdalen etter behov. Arbeidskvardagen blir
variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar. Du må kunne tilpasse deg
endringar og nye situasjonar.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode
arbeidsvilkår med 84-timers arbeidsveke.
For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der
arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og
bustad.
Stillinga er engasjement i 1 år med moglegheiter for fast tilsetting. Oppstart august/september.
Søkar må bu lokalt.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Bistå som bemanning på ulike fartøy ved behov
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Nok fartstid til å mønstre matros
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund.
- Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5129506063
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463460547
- Sist endret

