Sjukepleiar – få variasjon utan å bytte jobb
Bemanningssenter, Haugesund Sjukehus
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
✨ Du treng ikkje velje éi avdeling for å få fast jobb hos oss.
Ved Bemanningssenteret i Haugesund får du jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du får bruke sjukepleiefaget på ulike måtar, møte mange pasientgrupper og bli kjent med fleire gode kollegaer.
Dette er ein jobb for deg som likar variasjon, vil utvikle deg fagleg og ønskjer ein fast jobb med god oversikt over når du skal jobbe. Du får årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i full stilling.
Er du nyutdanna våren 2026? Då er du hjarteleg velkommen til å søkje.
👉 Klar for å prøve noko litt annleis? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli kjent med deg.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene kan vere:
- Sjukepleie og oppfølging av pasientar på ulike avdelingar.
- Undersøkingar og praktiske prosedyrar.
- Dokumentasjon og administrative oppgåver.
- Samarbeid med andre faggrupper og avdelingar.
- Oppfølging og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Studentansvar der det er aktuelt.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
- Grunnleggande IT-kunnskap.
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå sjukehus.
- Kjennskap til DIPS og Meona.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss passar du god om du:
- tek ansvar og er til å stole på
- spør når du lurer på noko
- samarbeider godt med ulike kollegaer og faggrupper
- klarer å tilpasse deg nye avdelingar og arbeidsmåtar
- møter pasientar og kollegaer på ein trygg og god måte
- ønskjer å halde deg fagleg oppdatert
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø, også når dagen er travel
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med variasjon og ønskjer å bruke sjukepleiefaget på fleire måtar.
Kvifor skal du velje sjukepleiar stilling hos oss?
Hos oss får du:
- 100 % fast stilling
- fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner per år i full stilling
- årsarbeidsplan, slik at du veit når du skal jobbe
- moglegheit til å byte inntil 8 vakter per 12-vekersperiode ved behov
- faste fagdagar i turnusen
- erfaring frå fleire avdelingar og klinikkar
- god innsikt i ulike pasientforløp
Dette er ein god jobb for deg som vil utvikle deg som sjukepleiar, men ikkje ønskjer å låse deg til eitt fagområde med ein gong.
🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179, toril.johanson.forland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 515529 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5128925609
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463448481
- Sist endret


