Helsefagarbeidar/sjukepleiar
Helse og omsorg, Sande kommune
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver:
Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald
Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar
Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp.
Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg.
Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefaglig oppfølgning gjennom natta
- sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav til god
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- kan jobbe sjølvstendig og i team og ta ansvar
- gode digitale ferdigheiter, erfaring med elektronisk pasientjournal er ein fordel
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- inkluderande, handlekraftig og påliteleg
- tek initiativ og har gjennomføringsevne
- ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjersler basert på fagleg kompetanse
- god til å samarbeide, kommunisere og bygge relasjon til brukarar og kollega
- positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- oppteken av tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar, tenestenivå og forvaltningsnivå
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- lønn etter tariffavtale
- gode forsikringar og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved videreutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- IA-bedrift med fokus på trivsel, nærver og helse
Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Camilla Higraff, Einingsleiar (vikar) , 47998618Arbeidsstad
Rønnebergplassen 176084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5123843009
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463443100
- Sist endret

