Barnepleiar/helsefagarbeidar
Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som barnepleiar/helsefagarbeidar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.(SNR)
Vi har ledig 2 vikariat, med oppstart frå ca. 01.09.2026 med varigheit 1 år!
Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og vi har stor aktivitet. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epiduralanalgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.
Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Barnepleier/helsefagarbeider inngår i teamarbeid saman med jordmor for å ivareta fødekvinna, det nyfødte barnet og barselfamilien både under innlegging og poliklinisk virksomheit
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeider med videreutdanning i barsel- og spebarnspleie
- Helsefagarbeider uten videreutdanning kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for fagleg utvikling
- Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du har gode samarbeidsevne
- Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Topp moderne fødeavdeling i eit nytt sjukehus
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5126164667
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463442531
- Sist endret


