Er du student og har lyst på ein spennande helgestilling?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Studerer du sjukepleie/vernepleie eller anna høgskulestudie innafor helse har me ledig helgestilling med stipend til deg på Hauatunet bufellesskap!
Hauatunet bufellesskap er eit døgnbamanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordringar, bustadane våre ligg i Ølen.
Helgestilling med stipend ca. 13 -17 %, frå august 2026 - august 2027.
Når du får stipendavtale med kommunen har du allereie sikra deg sommarjobb påfølgande år!
Er du allereie student og ønskjer å starte tidlegare? Ta gjerne kontakt – me har fortløpande tilsetjing!
Kva får du jobba med hos oss?
- Miljøarbeid
- Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål i bustaden til brukaren
- Behandling
- Iindividuelle samtalar, rettleiing
- Samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Årsturnus.
- Ordinære vakter.
- Kombinasjon av ordinære vakter og langvakter.
- Rein natt (etter avtale).
- 500 kr i stimuleringstillegg for langvakter laurdag/søndag.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- I Vindafjord kommune har me ein eigen ordning for lønn til studentar.
Kvalifikasjonar:
- Du må dokumentere for mottatt studieplass som sjukepleiar/vernepleiarstudent eller anna relevant høskule innafor helse, men har du ikkje fått svar, kan du og søkja! Stipendavtale vil bli gitt når dokumentasjon som stadfester studieplass kan leggjast fram.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du må ha IKT - kompetanse.
- Du må ha sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar:
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Studentavtaler - ein av dei beste i distriktet:
- Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiar/vernepleiarstudentar evt. anna høgskule innafor helse det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet.
- Du vil ha mogligheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passer deg best.
- Sommararbeid: 5 veker (2–3 helgar), minimum 75 % stilling
- Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passer best for deg å jobba.
- Innkomne søknadar vil bli handsama fortløpande under utlysingstida.
Stipend per studieår:
3-årig løp:
- 1. og 2. år: 25 000 kr/år
3. år: 40 000 kr/år
4-årig løp:
1.–3. år: 25 000 kr/år
4. år: 40 000 kr/år
Ønskjer du ein trygg, lærerik og meiningsfull jobb ved sidan av studiet?
Då håpar me å høyre frå deg!
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463372483
- Sist endret

