Juristar energi- og vassdragsrett
Energidepartementet
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Ledige stillingar for juristar med interesse for fornybar energi, kraftmarknad, nett og EØS
Om stillinga
I Energi- og vassressursavdelinga er det ledig ei fast stilling og eit vikariat på eit år som førstekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar (jurist) i Seksjon for energi- og vassdragsrett (EVR). I den faste stillinga ønskjer vi at du skal kunne få stort ansvar og jobbe sjølvstendig, og vi søker derfor fortrinnsvis dei som har minimum 6 års erfaring. For vikariatet kan også nyutdanna med særleg relevant kompetanse søke.
Som jurist i EVR får du varierte oppgåver med rettslege spørsmål innanfor heile energi- og vassdragsområdet, ofte i tett samarbeid med andre seksjonar. Oppgåvene omfattar mellom anna juridisk utgreiing i samband med lovarbeid, EØS-saker og høyringssaker på avdelinga sitt område. For ei av stillingane kan det også vere aktuelt med eit særskilt ansvar for juridiske spørsmål knytt til sikkerheit og kraftforsyningsberedskap.
Arbeidet omfattar juridisk arbeid med sentrale delar av lovverket om fornybar energi og kraftmarknaden i Noreg, og oppgåvene vil være regelutvikling og forvaltning knytt til mellom anna energiloven, Norgesprisloven, vannfallsrettighetsloven og relevant EØS-regelverk.
Som ein del av embetsverket vil du arbeide med å legge eit godt fagleg grunnlag for politiske vedtak på energi- og vassressursområdet. Du vil få oppgåver som ofte ligg tett på dei politiske prosessane i departementet og som inneber kontakt med andre departement og etatar. I tilknyting til EØS-arbeidet kan du også rekne med noko reiseverksemd.
Kvalifikasjonar
Du må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, med godt resultat. Du må vere samarbeidsorientert, ha gode analytiske evner, god rolleforståing og evne til å tenke heilskapleg. Det er ein fordel med relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd innanfor saksfeltet eller tilgrensande område. Erfaring frå EØS-rettsleg arbeid er òg ein fordel.
Personlege eigenskapar
Stillingane krev tverrfagleg samarbeid med andre seksjonar i departementet, og vi vil legge vekt på personlege eigenskapar. Vi vil også legge vekt på at du er fagleg interessert, kan jobbe sjølvstendig og at du har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk.
Den som blir tilsett i den faste stillinga må kunne tryggleiksklarerast etter tryggingslova.
Vi tilbyr
I seksjon for energi- og vassdragsrett får du arbeide med eit sentralt samfunnsområde, som er med på å forme grunnlaget for verdiskaping, forsyningstryggleik og den grøne omstillinga i Noreg. Du får høve til å arbeide med sentrale og dagsaktuelle spørsmål innan fornybar energi, kraftmarknad og EØS-rett, som gir gode moglegheiter for deg som vil vere tett på utviklinga av norsk energipolitikk.
- Interessante og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø.
- Spennande saker i kryssingsfeltet mellom fag og politikk, og med gode høve til å påverke korleis oppgåvene blir løyst.
- Du vil få god innsikt og særs relevant erfaring frå energi- og vassdragsretten.
- Fleksibel arbeidstid, moglegheit for trening i arbeidstida, lønna overtid og god pensjonsordning.
- Årslønn innafor lønnsspennet frå kr. 580.000 - 870.000 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Generell informasjon
Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attester må leggast ved søknaden.
Søkarliste: Opplysningar om søkarane kan offentleggjerast sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkarlista, i samsvar med offentleglova § 2.
Bakgrunnssjekk: Vi utfører bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsettast. Tilsetting føreset at denne blir godkjend. Den som tilsettes må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSET eller høgare etter sikkerhetsloven.
Mangfold og inkludering: Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre.
Skriftspråk: Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk. Som offentleg verksemd skal Energidepartementet ha nødvendig kompetanse til å bruke begge målformene. Det er viktig at medarbeidarane våre kan bidra til dette
Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no (http://www.jobbienergidepartementet.no/)
FerdigheterAI-generert
- Juridisk kompetanse
- Juridisk skriving
- Juss
- Kjennskap til lovverk og regelverk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463369324
- Sist endret


