Fire ledige sjukepleiarstillingar – dag, kveld og natt
Hareid kommune, bu- og korttidseininga, Hareid sjukeheim
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein dyktig sjukepleiar som ønsker nye utfordringar? Bu- og korttidseininga på Hareid sjukeheim er ein arbeidsplass i utvikling, og vi ønsker deg velkommen inn i eit engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å gjere ein reell skilnad for pasientar og pårørande og som kollega.
Vi har no fire faste stillingar ledige:
- 60 prosent og 30 prosent – natt
- 80 prosent og 50 prosent – dag og kveld
Alle stillingane har arbeid kvar tredje helg. Vi er fleksible når det gjeld stillingsprosent og stillingane kan kombinerast til tredelt turnus for deg som ønskjer 100 % stilling. Ta gjerne opp dette i eit eventuelt intervju.
For nattstillingane har vi eit ekstra funksjonstillegg på 30.000 (i full stilling).
Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Eininga har 26 pasientrom som omfattar korttidsopphald, langtidsopphald, palliasjon og kommunal akutt døgneining (KAD). Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er positive til endringar og gjerne er med på å forme eininga vidare.
Arbeidsoppgåver
Du skal:
- gi medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- utføre pleie- og omsorgsoppgåver
- samarbeide tett med sjukeheimslege, fysioterapeut, heimetenesta og andre sjukeheimseiningar
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- nytte velferdsteknologi i det daglege arbeidet
- delta i kvalitetsutvikling av einingane
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønsker å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, er opptatt av sjukepleiefaget og å yte tenester av høg kvalitet.
Du må:
- ha autorisasjon som sjukepleiar – gjerne med vidareutdanning innan relevante fagområde
- meistre digitale verktøy og ha erfaring med elektronisk pasientjournal
- beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- kunne jobbe turnus leggje fram politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, vise respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne. For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet.Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar – stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.
Vi tilbyr
Du får:
- ein trivelegarbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
- spennande faglege utfordringar
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
- funksjonstillegg på kr 30 000 per år (i full stilling) for fast tilsette på natt
Alle må søkje digitalt. Last opp relevante vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ligg føre – det er derfor viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Intern søkjar: Dersom du ønsker å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett, hakar du av for «intern søkjar» i søknadsskjemaet. Dette gjeld berre tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jamfør arbeidsmiljølova paragraf 14-3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi fortrinnsrett.
Offentleg søkjarliste: Hareid praktiserer meiroffentlegheit og legg ut offentleg søkarliste. Du kan be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste, jamfør offentleglova paragraf 25. Ønsker du å reservere deg, må du opplyse om dette og forklare kvifor i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt blir offentleggjort – du blir i så fall kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, +47 94198242Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5088313275
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463361820
- Sist endret


