Prosjektstilling lydjournalist
Dag og Tid AS
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Vil du forme ei lydavis for framtida?
Dag og Tid søkjer erfaren lydjournalist (prosjektstilling, 3 månader)
Dag og Tid styrkjer lydtilbodet sitt. Difor søkjer vi no etter ein erfaren lydjournalist til ei 100% prosjektstilling på tre månader. Du kjem til å vidareutvikle lydformatet vårt og bidra til å løfte både kvalitet og kvantitet i lydsatsinga.
Om stillinga
Vi har nyleg lansert ein ny Dag og Tid-app med integrerte lydartiklar og ønskjer no å ta neste steg på lyd. Målet er å utvikle eit lydtilbod som kjennest like gjennomarbeidd, roleg og kvalitetsorientert som avisa sjølv.
Du vil få stor fridom til å forme både format, arbeidsflyt og uttrykk. Dette er ei praktisk prosjektstilling der du både skal produsere, eksperimentere og hjelpe oss å finne ut korleis ei moderne lydavis kan fungere i praksis.
Arbeidsoppgåver
· Vidareutvikle opplesne artiklar og eigne lydformat
· Bidra til å forme tone, stemme og uttrykk i lyd
· Jobbe tett med redaksjonen om prioritering og produksjon
· Utforske nye arbeidsmåtar og verktøy innan lyd og KI (til redigeringsarbeid – aldri som røyst)
· Bidra til å utvikle rutinar og struktur for lydarbeidet vidare
Kven vi ser etter
· Du har mykje erfaring med journalistikk i podkast, radio eller andre lydformat
· Du har godt øyre for forteljing, rytme og stemning
· Du jobbar sjølvstendig og effektivt
· Du har god kunnskap i nynorsk
· Du er nysgjerrig på korleis teknologi og KI kan brukast i lydjournalistikk
Vi tilbyr
· Ei spennande prosjektstilling med stor fridom og mykje påverknad
· Konkurransedyktige vilkår
· Høve til å forme lydsatsinga i ei uavhengig kvalitetsavis
· Eit lite miljø med høge ambisjonar og kort veg frå idé til gjennomføring
· Arbeidsplass sentralt i Oslo, med fleksibilitet for fjernarbeid
Interessert?
Send søknad og CV til gregor@dagogtid.no.
Ferdigheter
- Lydklipp
- Lydproduksjon
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
DAG OG TID er ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk – og den einaste riksavisa på nynorsk.
I avisa kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål – og meldingar av bøker, musikk, film og teater.
På berre fem år har vi fått nesten 25 prosent fleire abonnentar. Opplaget er 15 700 i dag.
Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg.
Endringane i medielandskapet gjer og at DAG OG TID blir viktigare. Det meste av makta i Avis-Noreg har no blitt samla i store konsern der felles eigarskap og stoffdeling gjer storavisene stadig meir like kvarandre. DAG OG TID har ingen kommersielle eigarar og betalar ikkje utbyte til aksjonærane.
DAG OG TID fekk Fritt Ord-prisen 2017 for «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg på alvor».
Avisa får fast pressestøtte frå Medietilsynet og prosjektstøtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Stiftinga Vener av DAG OG TID.
- Sektor: Privat
- Sted: Pilestredet 8, 0180 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lydjournalist, journalistikk, podkast, radio
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463357676
- Sist endret

