Ynskjer du jobb som pleieassistent?Søk jobb hjå oss då vel!
Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost.
Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!!
Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Oppstart i august eller tidlegare etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar
- Førefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
Personlege eigenskapar
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like verierte utfordringar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å videreutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
- Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5126657660
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463344037
- Sist endret



